Vi vil gjerne ha fleire …

I alle bygdelag finst det segner og forteljingar som har gått på folkemunne frå generasjon til generasjon i lange tider. Dei gir seg ut for å vere sanne,d.v.s. gir seg ut for å fortelje om noko som verkeleg har hendt og namngir stader og personar som skal ha vori med til den eller den tid. Det er vanskeleg å vite kva som er rein overtru og dikting og kva som har ei kjerne av sanning i desse segnene og sogene. Vi veit at det finst mange slike forteljingar i Overhalla også. Nokre er nedskrivne, mens andre kanskje enno berre lever i munneleg tradisjon. Her skal vi gi eit par døme på segner frå bygda vår. Samstundes oppfordrar vi  lesarar til å komma med fleire, slik at serien kan bli retteleg lang.

(kontakt Erling Balstad)