Nornshaugen

Ein gong for lenge, lenge sia var det ein mann som hadde så mykje pengar. Han heitte Bjørn. Ein dag tok han båten sin og rodde over elva. Og så for han opp til Nornshaugen og gøymde pengane sine der i ein kjel, for han var så redd at futen skulle koma å ta dei. Ei stund seinare skulle han i veg å leita etter pengane sine, men han fann ikkje att dei. Da vart han så lei seg at han gjekk ned til elva og drukna seg. Og der han drukna, heiter det Bjønndalshylla den dag i dag. Segna seier at ein mann i Sellæg-ætta med tre essar i namnet skal finna pengane.