Ålvassjenta

I Sørfjellet ligg det eit vatn som heiter Ålvatnet. Det blir fortalt at her budde det eingong eit menneske som dei kalla Ålvassjenta. Ho var så vakker som den finaste jenta ein kunne tenke seg, med lyst, langt hår som var så langt at det gjekk nedpå leggene og med fine krøller. Ho hadde raud bluse og rutet sidt skjørt og tresko. Det vart fortalt at ho song så vent. Ein mann som heitte Ola var bestemt på at han skulle snakka med henne. Om dette møtet fortalde han slik: «Eg var ute i skogen seint ein sommarkveld i juli 1860. Da hørte eg det song så fint borti lia. Eg gjekk dit med det samme. Da eg kom fram, såg eg ei jente så fortryllande vakker som gjekk og plukka molter på myra. Men da ho såg meg, vart ho litt redd. Eg spurde kvar ho var ifrå, men ho svara at det var hemmeleg».

Det er nokre som påstår at dei har sett henne både før og etter dette, men no er det lenge sia. Ho levde av det ho fann i skogen. Folk såg henne alltid rundt Ålvatnet derfor kalla dei henne Ålvassjenta. Ho brukte å ha eit langt horn med seg. Det hadde ho festa på blusen sin. Etter som det er så lenge sia nokon har sett henne, trur dei fleste at ho no er død.